Mappeoppgåve 5


I denne oppgåva skal eg prøve meg praktisk som læringsdesigner og reflektere didaktisk over det eg har designa. Eg skal lage eit læringsdesign i kroppsøving for 4.klasse, med utgangspunkt i læreplanen etter 4.klasse med omsyn til Blooms taksonomi i måten eg formulera læringsutbytte på. Eg vil nyte baklengs planlegging og ta print screen av læringsdesignet og reflektere skriftlig over kva slags nivå i SMAR-modellen eg har lagt dei ulike aktivitetane.

Læreplanen i kroppsøving
I læreplanen står det at ”kroppsøving er eit allmenndannande fag som skal inspirere til ein fysisk aktiv livsstil og livslang rørsleglede. Rørsle er grunnleggjande hos mennesket og fysisk aktivitet er viktig for å fremje god helse” (Utdanningsdirektoratet.no, 2016, s. 1).
Læringsdesigne mitt har tatt utgangspunkt i Kompetansemål i Læreplanen etter 4.årstrinn i kroppsøving, der elevane skal
·      leike og vere med i aktivitetar i varierte miljø der sansar, motorikk og koordinasjon blir utfordra
·      utføre grunnleggjande rørsle som å krype, gå, springe, hinke, satse, lande, vende og rulle i fri utfolding og organiserte aktivitetar

Målet for undervisninga er å legge opp til at elevane skal auke kompetansen sin gjennom kroppen i rørsle. Det vil vere fokus på dei koordinative eigenskapane, der det vert trekt inn element frå fleire idrettar og aktivitetar. Elevane skal lære metodiske tilnærmingar og rutinar for godt sikringsarbeid i samband med øvingane, samt kunne legge til rette for og gjennomføre koordinativ aktivitet innan fleire idrettar. Eg har brytt ned kompetansemåla til ulike læringsmål, der opplegget vil vare i fire kroppsøvingstimar à 90 min.:
·      Grunnleggjande fokus på koordinasjon
·      Bruk av trampett
·      Turn (frittståande)
·      Eige opplegg

Blooms taksonomi
I dette undervisningsopplegget ønskjer eg at elevane skal utvikle sine koordinative eigenskapar. Dette gjennom ”tavleundervisning”, praktisering, samarbeid og produksjon. Blooms taksonomi er eit verktøy i å strukturere og forstå læringsprosessar og vurderingsarbeid. Ifølgje Bloom kan ein elev befinne seg på seks ulike nivå med tanke på å lære eit bestemt læringsmål:
1.     Hugse
2.     Forstå
3.     Anvende
4.     Analysere
5.     Vurdere
6.     Skape

Blooms taksonomi er delt inn i 6 ulike nivå. Det lågaste nivået, nivå 1, er der elevane klare å hugse stoffet og å gjengi kva dei har lært. Dersom elevane klare å forstå kunnskapen og kan gjengi og forklare det dei har lært med eigne ord, er dei på nivå 2. Elevar som greie å bruke kunnskapen i ulike situasjonar, som oppgåveløysing, er på nivå 3. Nivå 4 må elevane klare å analysere og sjå samanhengar. Greier elevane å organisere og oppsummere kunnskapen slik at dei kan trekke eigne konklusjonar, er dei komen på nivå 5. Siste og høgaste nivå, nivå 6, skal elevane kunne skape og vidareutvikle kunnskapen til sitt eige (Universitetet i Agder).

Baklengs planlegging
“Starter vi med det tenkte læringsutbytte vi ønsker elevene skal få, og planlegger så undervisning, aktiviteter og oppgaver i henhold til dette” (Leksjon 3 DKL 112).

Det er gjennom aktivitetane elevane lærer, og læringa handlar om kva eleven gjer, og ikkje kva vi som lærarar gjer. Altså, det er gjennom vurdering elevane oppnår ønska resultat, og ikkje gjennom tilbakemelding frå dei til læraren om det vi har fortalt. (Leksjon 3 DKL 112).

Gjennom aktivitetane eg har lagt opp til får eg moglegheit til å vurdere om elevane har nådd læringsmåla. Eg vurdera elevane samtidig som dei gjennomfører aktivitetane, og korleis dei vurdera og kommentarar til kvarandre. Når elevane i siste time presentera eige opplegg, ser eg korleis dei har tolka opplegget og måla, og har då moglegheit til å vurdere dei.

SAMR-modellen
Korleis lærarar brukar teknologi i læring handlar eigentleg om pedagogisk bruk, og korleis vi kontekstualisera teknologien i vårt læringsdesign. Det handlar eigentleg ikkje om verktøyet, men kva vi kan oppnå og om det kan hjelpe oss (Toril Fagerol Nøstrud, veke 44, introduskjon). Det er derfor ønskjeleg for meg å ha variert undervisning der det er ønskjeleg at elevane får den beste læringsutbytta.

Her kan vi trekke inn SAMR-modellen, som er utarbeida av Dr. Ruben R. Puentedura. SAMR-modellen er ein modellen som gjev eit bilete av korleis teknologien kan verke inn på undervisning, oppgåvetypar og arbeidsmåtar for å gje økt læring (Digital didaktikk, 2017).
(Digital didaktikk, 2017)

Modellen er delt inn i fire nivå der nedste nivå er Substitution. Her brukast teknologien som ein erstatning for gammal teknologi. Altså det blir ikkje tilført noko nytt eller endra arbeidsmåtane til elevane. Neste nivå, Augmentation, blir teknologien brukt som ein hjelp i læringa. Her gjer teknologien til noko betre enn den var utan. Tredje nivå, Modification, teknologien gjev ekstra moglegheit i læringa og samhandlingsarena som læringsplattform blir brukt. Det siste  og høgaste nivået, Redefinition, begynner ein å arbeide på nye måtar med innhald som ikkje var mogleg utan teknologien. Med utgangspunkt i SMAR-modellen vil dette læringsdesigne vere innan Augementation. Vi nyttar teknologien som ein hjelp i læringa, ved å sjå på filmar av det vi skal gjere seinare i økta.

Avslutting og vurdering
Eg har skissert eit undervisningsopplegg der elevane i utgangspunkt skal utvikle sine koordinative eigenskapar, gjennom kroppen i rørsle. Det er eit opplegg som går over fire kroppsøvingstimar på 90 minutt. Kvar time er forskjellig, men ønskjer å oppnå det same. Sidan det er kroppsøving er det ikkje like vanleg å blande inn digitale verktøy, men eg har tatt at vi starta tre av fire timar med filmsnutt der det blir vist kva elevane skal gjere denne timen. Og dermed scora ikkje så høgt dersom eg skal knytte den opp mot SMAR-modellen. Det eg må jobbe vidare med er å praktisere meir baklengs planlegging.

Litteraturliste:
Digital didaktikk. (2017). SAMR-modellen. Henta frå: http://digitaldidaktikk.no/refleksjon/detalj/samr-modellen  

Henning, F. (03.11.2010). Baklengs planlegging. Henta frå: https://multimedie.adm.ntnu.no/Mediasite/Play/356654a906d14521952dd37f376d985b1d

Universitetet i Agder (utgivelsesår ukjent) Bloom´s taksonomi. Henta frå:

Utdanningsdirektoratet (2006) Læreplan i kroppsøving. Henta frå:
Utdanningsdirektoratet. (2016) Læreplan i kroppsøving. Henta frå:



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Læringsmetodar og lærarrollen i endring, personlig læringsnettverk (PLN) og nettlenker.