Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2017
Bilde
Born og unges mediekultur, læringsmåtar og 21st century lerning. I denne oppgåva skal eg gjere greie for kva som kjenneteiknar born og unges mediakultur og læring. Vidare skal eg ta for meg omgrepet 21st century learning og avsluttar med kva konsekvensar dette kan ha for meg og min lærarkvardag. Eg vil også komme med eit eksempel av korleis eg kan bruke denne forståringa praktisk i klasserommet ved å bruke programmet Canva. Mediekulturen blant born og unge er stadig i utvikling slik som resten av samfunnet. Når eg voks opp og gjekk på barneskulen var det ingenting som hette Facebook, Snapchat og Instagram. Vi hadde heller aldri høyrd om iPad, eller visste om at det kom til å komme. Det var så vidt vi hadde mobiltelefonar, og dersom nokon hadde det, var dei utan fargeskjerm og kamera, og hadde ikkje moglegheit til å laste ned noko ”app”, som også var heilt uvitande for oss på den tida. PC var noko vi hadde tilgjengeleg på skulen, men berre eit få antal, og vart brukt i spesiell

Læringsmetodar og lærarrollen i endring, personlig læringsnettverk (PLN) og nettlenker.

I dette blogginnlegget skal eg reflektere over korleis læringsmetodane og lærarrolla er blitt endra og kva som eventuelt er forandra. Vidare skal eg fortelje litt om kva personleg læringsnettverk (PNL) er, der eg avrunda med ei lenkesamling med gode ressursar som eg nyttar som student og lærar. Har læringsmetodane for elevar endra karakter, eller er den tilnærma uforandra? Kva har eventuelt forandra seg? Eg hugsar frå då eg gjekk på skulen, at vart det brukt mykje tradisjonell og lite variasjon i undervisning og læraren var den mest aktive i klasserommet. Lærarane brukte den vanlege grøne tavla, og overhead var det ”nye high teck”. Det var tilgang til PC på eit eige rom, men ikkje nok til at alle kunne vere der samtidig. Når eg starta mi lærarutdanning i 2014 hadde eg første praksis på ein skule som var eigentleg veldig lik på slik eg hugsa skulen, men som no gjennom dei siste åra utvikla seg stort. Eg går 4. året på grunnskulelærar ved Høgskulen på Vestlandet avdeling Sogndal