Born og unges mediekultur, læringsmåtar og 21st century lerning.

I denne oppgåva skal eg gjere greie for kva som kjenneteiknar born og unges mediakultur og læring. Vidare skal eg ta for meg omgrepet 21st century learning og avsluttar med kva konsekvensar dette kan ha for meg og min lærarkvardag. Eg vil også komme med eit eksempel av korleis eg kan bruke denne forståringa praktisk i klasserommet ved å bruke programmet Canva.

Mediekulturen blant born og unge er stadig i utvikling slik som resten av samfunnet. Når eg voks opp og gjekk på barneskulen var det ingenting som hette Facebook, Snapchat og Instagram. Vi hadde heller aldri høyrd om iPad, eller visste om at det kom til å komme. Det var så vidt vi hadde mobiltelefonar, og dersom nokon hadde det, var dei utan fargeskjerm og kamera, og hadde ikkje moglegheit til å laste ned noko ”app”, som også var heilt uvitande for oss på den tida. PC var noko vi hadde tilgjengeleg på skulen, men berre eit få antal, og vart brukt i spesielle tilfelle.

For å halde kontakten eller for å høyre om du kunne komme på besøk til klassekameratane dine måtte vi ringe via hustelefonen eller berre møte opp å håpe på det beste. No kan ein berre logge seg på nettet og spør via Facebook eller sende ein Snapchat. Teknologien har strekt seg så langt at ein kan kommunisere gjennom ein mobiltelefon eller eit nettbrett, med ein person som befinn seg på andre sida av jordkloden.

Dagens born og unge blir ”kategorisert” til dei som blei født rett inn i det digitale nettsamfunnet. ”Don Tapscott (1999) kaller dem for n-genesrasjonen, n for nettsamfunn, mens Marc Prensky (2001) kaller dem digital natives, i motsetning til digital immigrants og Wim Veen (2006) kaller dem for homo zappiens” (Krokan, 2008).  Med andre ord, dei blir no definert som dei digitale innfødde. Dei digitale innfødde har både stor tilgang til teknologi og korleis dei skal utnytte den. Dei lære også via nettet korleis dei skal lære det dei ikkje beherska frå før (Krokan, 2008). Ein må tenke på mediebruket til born og unge som ein ressurs i skulesamanheng. I ei undersøking gjort av Monitor, kjem det fram at 8 av 10 elevar meina at bruk av datamaskiner i skulen aukar motivasjonen og læringa (Egeberg, Hatlevik, Gu∂mundsdóttir, Loftsfarden & Loi, 2013).

Det er store endringar i arbeidsmarkanden, og dette medføre eit krav il kva for ein kompetanse ein treng. I 21st century learning vert det beskrive tre hovudområde som dekker alle kompetansane vi treng i dagens samfunn.

  •  Grunnleggjande kompetanse - i P21 sin modell «Sentrale fag»
  • Tverrfagleg/fagovergripande/metakompetanse - i P21 «Læringsferdigheter og innovasjon»
  • Livskompetanse - i P21 «Livsferdigheter»


Ifølgje Jon Herman kan ein tenke slik:
”Elevene trenger først grunnleggende fagkunnskaper og kompetanser, så trenger de digital kompetanse i form av informasjonskunnskap for å forstå all informasjonen de oversvømmes av og til slutt må de tilegne seg evnen til å se på tvers av fag og informasjonskunnskap, altså utvikle fagovergripende kompetanser” (Amdam & Harman, 2017)

Ifølgje Herman (2017) er 21st century «et verktøy for å hjelpe å lære 21. århundrets ferdigheter, som andre verktøy var for andre århundrer, papir og blyant», altså framtidas kompetanse. Vi lærarar bør sjå på den nye teknologien som moglegheiter framfor avgrensingar. Medieutviklinga har endra måten vi tileigna oss og brukar kunnskapen på (Erstad 2010). Dei store forandringane i samfunnet føre til at vi må gjere endringar på skulen. Vi skal lære opp dei digitale innfødde til å bli gode og ansvarlege samfunnsborgarar. Ein må vurdere dei pedagogiske moglegheitene den nye teknologien tilbyr, og kombinere den med den gamle teknologien.

Frå kompetanseområda til dei 21.århundre rammeverka ser ein at det vert viktig å fokusere på kreativitet, innovasjon og problemløysing. Dette kan ein gjere ved å legge undervisninga til at elevane skal skape produkt og løyse ulike oppgåver på forskjellige måtar. Dagens born og unge produsera og delar allereie mykje på ulike nettsider, og har derfor fått denne kompetansen frå før. Kompetanseområda til 21.århundre rammeverka nemner samarbeidskompetanse som viktig for å lykkast. Ein kan då tenkje at eit digitalt samarbeid kan fremje mange av desse kompetansane. Samstundes med informasjonskompetanse. Læraren må fornye seg i samsvar med teknologien og halde seg oppdatert på dei digitale verktøya. Ein føresetnad for at vi kan ta i bruk dei ulike ressursane i framtidas skule, krev også at vi har profesjonsfagleg digital kompetanse.

Eg har tatt utgangspunkt i ei erfaring eg fekk då eg og klassen min fekk ein ny lærar. Det første ho sa når ho kom inn i klasserommet var ”No har de 10 min på å finne ut så mykje dåkke klare om meg”. Her fekk vi nytte alt av verkemiddel, utanom å spørje ho. Denne måten fekk meg til å tenke på kor mykje informasjon om ein person det faktisk ligg ute på nettet. Som igjen er med på å vise til elevane at dei må vere forsiktige med kva dei gjer på nettet.






Kjeldeliste:
Amdam, S. & Harman, J. (2017) Læring, kunnskap og 21st century skills. Høgskulen i Volda.

Egeberg., G, Guðmundsdóttir, G. B., Hatlevik, O. E., Loftsgarden, M., & Loi, M. (2013). Monitor skole 2013. Om digital kompetanse og erfaringer med bruk av IKT i skolen.

Erstad, O. (2010) Hva er digital kompetanse? Kap.5 (20 s.) Digital kompetanse i skolen - en innføring. (2. utgave) Oslo, Universitetsforlaget


Krokan, A. (2008) Oppvekst i det digitale nettsamfunnet. Utdrag frå: Moderne oppvekst- nye tider, nye krav. Oslo: Universitetsforlaget.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Læringsmetodar og lærarrollen i endring, personlig læringsnettverk (PLN) og nettlenker.

Mappeoppgåve 5