Læringsmetodar og lærarrollen i endring, personlig læringsnettverk (PLN) og nettlenker.

I dette blogginnlegget skal eg reflektere over korleis læringsmetodane og lærarrolla er blitt endra og kva som eventuelt er forandra. Vidare skal eg fortelje litt om kva personleg læringsnettverk (PNL) er, der eg avrunda med ei lenkesamling med gode ressursar som eg nyttar som student og lærar.

Har læringsmetodane for elevar endra karakter, eller er den tilnærma uforandra? Kva har eventuelt forandra seg?

Eg hugsar frå då eg gjekk på skulen, at vart det brukt mykje tradisjonell og lite variasjon i undervisning og læraren var den mest aktive i klasserommet. Lærarane brukte den vanlege grøne tavla, og overhead var det ”nye high teck”. Det var tilgang til PC på eit eige rom, men ikkje nok til at alle kunne vere der samtidig. Når eg starta mi lærarutdanning i 2014 hadde eg første praksis på ein skule som var eigentleg veldig lik på slik eg hugsa skulen, men som no gjennom dei siste åra utvikla seg stort. Eg går 4. året på grunnskulelærar ved Høgskulen på Vestlandet avdeling Sogndal, samtidig som eg tek digital kompetanse gjennom Høgskulen i Volda. Dette året har eg starta å jobbe som kontaktlærar for elevar i 5.-7. klasse. Gjennom dei fire åra eg har vert i utdanning har det gått frå lite fokus på digital kompetanse og ulike digitale læringsmidlar, til at det er blitt meir ein stor del av undervisninga i dag.

Som nemnt over var eg første året i praksis i ein annan kommune enn den eg jobbar i no. Den tida brukte vi fortsatt den ”tradisjonelle tavla” og hadde undervisning på den. Alle i praksisgruppa fekk beskjed frå læraren at vi måtte øve meir på handskrifta vår. Ho meinte at det var noko vi måtte fokusere på sidan vi skal vere forbilde til elevane. Vi underviste gjennom å bruke lærebøker og elevane berre tilgang til PC på eit eige rom, men i ei mindre gruppe elevar.

I kommunen og på skulen eg arbeidar no har elevane moglegheit til å skrive på kvar sin PC. Skulen har investert i nettbrett til storskulen slik at dei har moglegheit til å nytte desse i undervisninga. No undervise eg både på den tradisjonelle tavla og gjennom PC og smartboard. Dette føre til at eg har moglegheit til meir varierte timar enn det eg hadde når eg starta på utdanninga mi. Det som er litt utanom det ”vanlege” no er at elevane på skulen eg arbeidar på ikkje nyttar dei ulike læringsplatformane (f.eks It´s learning eller Fronter) som eg veit andre skular nyttar. Så dersom elevane skal få noko informasjon skjer dette fortsatt via papir eller gjennom heimeside til skulen, som eg tenker er litt gammaldags. All vurdering blir notert på eigen lærar PC eller på papir som ein tek vare på, og syner fram til foreldra og eleven ved ein eventuell elevsamtale.  

Korleis har lærarrollen endra seg i denne perioden?
Dette har eg allereie vert litt innom. Frå å gå frå den litt meir tradisjonelle læraren som ikkje hadde så varierte undervisningsformer til ein variert og ressurssterk lærar. Det er ein sjølvfølge at ein må endre seg i stird med samfunnet. Digital kompetanse er komen meir i lys i læreplanen LK06 og er ein av dei fem grunnleggande ferdigheitene, som derfor har gjort det til ein naturlig del av undervisninga. Dette handlar om at det ikkje berre er i eit fag ein skal nytte digitale ferdigheiter, men det kan brukast i alle fag, til ein kvar tid. Det som kan vere vanskeleg er at læraren har for lite kompetanse i kva det ligg i å ha digital kompetanse. Dette tenker eg går både på kva elevane skal kunne og vi som lærarar bør kunne. Det er ikkje hjelpi at vi skal undervise og lære elevane å få digital kompetanse dersom vi sjølv ikkje er egna til det.

Korleis ser du for deg framtidas lærarrolle vil vere?
Framtidas lærarrolle vil vere prega av ein meir digital kvardag som er allereie på god veg. Lærarar må holde seg oppdatert og følgje samfunnsutviklinga. Dagens barn og ungdom veks mykje meir opp i ein digital verden en for berre eit par år tilbake. Før i tida var det slik at for å halde kontakten med venner og familiar, måtte du reise på besøk eller ta ein telefon heim for å sjå om dei var heime. No er det berre eit taste trykk unna med mobilen. Når eg voks opp hadde fekk eg ikkje mobil før eg gjekk i 6. klasse. Dette var ein mobil med grå kvit skjerm utan kamera. No i dag, har vel så og sei alle elevane mine ein smart telefon som dei kan kommunisere med gjennom Facebook eller Snap Chat.

I og med at digital kompetanse er ein del av dei fem grunnleggande ferdigheitene vil dette fortsette å følgje oss i framtida. Så kva må vi kunne i framtida? Jo vi må vite korleis vi bruka teknologien og få evne til å bytte ut nettverket vårt. Fokuset bør altså flyttast frå kva ein kan til kva ein har potensiale til å kunne. ”Vår evne til å lære det vi trenger for i morgen er viktigere enn det i kjenner til i dag!” (Jarle Hauge Steffenssen).
I tillegg kjem det meir og meir læringsmidlar digitalt. Som digitale lætebøker, nettoppgåver, smarttavler, søkefunksjonar og ulike gode nettressursar for dei med lærevanskar eller andre utfordringar.

Personleg læringsnettverk (PLN)
I filmen til Marianne Hagelia fortel ho kort at PLN eit nettverk for personleg læring. ”PLN handler om å dele ideer, ressurser, samarbeid og læring. Typiske trekk ved PLN er at det er et globalt læringsnettverk, hvor dine kontakter i Norge og ikke minst dine kolleger inngår!” (Hagelia, 2014). Altså læring føregår i eit samspel saman med andre, som familie, venar eller kollegaer. Livslang læring føregår dermed ikkje isolert, men i samspel med andre. PLN kan brukast heilt privat eller i samanheng med skule eller jobb.

Eit nettverk kan vere alt frå datanettverk, vassleidning, strømnett og sosiale nettverk. Konnektivismen har ein viktig rolle i utviklinga av nye undervisninsmetodar og pedagogikk, når fokus går frå læraren til ein autonom elev. George Siemens har eit ordtak ”to teach is to model and demnstrate, to learn is to pratice and selevt”. Dette ordtaket likte eg veldig godt, for eg tenker at det er nett slik det er.

”Personlig kunnskap består av et nettverk, som strømmer inn i organisasjoner og institusjoner, som igjen mater tilbake i nettverket, og deretter fortsetter å gi læring til individene” (Jarle Hauge Steffenssen). Altså å holde seg oppdater, og dess større nettverk du har dess meir oppdater er du. Dette kan ein gjere gjennom sosiale nettsider som gjer det enkelt.

Avslutting
I dette blogginnlegget har eg sett på korleis eg ser på læringsmetodane og lærarrollen si utvikling frå eg gjekk på barneskulen til no når eg sjølv jobbar som lærar på ein barneskule. Vidare har eg tatt for meg korleis eg ser for meg framtidas lærarrolle samt avslutta kort kva eg har lært om personleg læringsnettverk.

Eg har lært at PLN heng godt i saman med læringsmetodane og lærarrollen. Når eg utviklar mitt personlige læringsnettverk, vil dette påverke kva metode eg nyttar i mine undervisningar. Det å vere aktiv i sosiale medier kan vere med på å gje meg idear, råd og dele mine undervisningsopplegg. Her er det moglegheit for å få tilbakemeldingar og andre sine synspunkt om opplegget.

Kjeldebruk
Hagelia, M. (2014) Moderne kollokvie – Personlig læringnettverk (PLN). Henta 03.10.17 frå:
Steffenssen J.H. (2017) Personlig læringsnettverk. Henta 04.10.17 frå:
https://prezi.com/uflzxpl3es01/personlig-lringsnettverk/

Lenkesamling med gode ressursar som eg nyttar både som student og lærar:
Dette er nettsider som eg har blitt introdusert på Høgskulen på Vestlandet, gjennom mitt personlege læringsnettverk eller nettsider eg har funne fram til sjølv ved å søke meg fram. Det finns eit hav av ressursar på nettet, det gjelder derfor å finne noko som passar for deg og din klasse. Eg vil skrive ei kort forklaring under kvar lenke.

Multi Smart Øving.
Dette er ei nettside med ulike matematikkoppgåver som er tilpassa kvar elev. Adaptiv læring for 1.-7. trinn. Oppgåvene blir vanskeligare jo meir du får til, men går tilbake i nivå visst det er oppgåver som blir for vanskelege.

Saluby
Dette er ei nettside med ulike ressursar for barneskulen. Veldig greitt at du kan velje mellom bokmål og nynorsk. Eg har nytta den til å syne elevane om tv-aksjonen som er i år og fortalt om barnerettighetane. Her loggar eg inn ved Feide som eg har tilgang til gjennom skulen/kommunen eg jobbar i.


Tv2 skole
Ei nettside som ein kan nytte i dei fleste fag. Her er det videoar, oppgåver og ulike aktivitetar som er knytt til dei ulike tima i dei ulike faga. Den har også nyheiter som er tilpassa barneskulen og ungdomsskulen. Denne sida vart eg først introdusert for på Høgskulen, men ser det er fleire lærarar ved skulen eg jobbar som nyttar denne. Her loggar eg inn ved Feide som eg har tilgang til gjennom skulen/kommunen eg jobbar i.

Nrk skole
Lærerike program og klipp. Omtrent det same som Tv2 skole, berre i ein litt gamlare versjon. Nokre av filmane er frå fleire tiår tilbake.

Supernytt
Ei grei nettside der elevane ser nyheiter som er tilpassa ei aldersgruppe på 8-12 år. Vi ser på supernytt samtidig som vi et mat.


Malimo
Ei side med mykje gode ressursar som ein kan nytte på barnetrinnet. Sitat frå Malimo: ”Målet mitt: å gi lærerem er tid til elever, familien og seg selv!”.

Udir.no
Utdanningsdirektoratet si heimeside. Denne nyttar eg både som student og lærar. For å f.eks. finne fram til ulike læreplanar.

Og til slutt:
Google er min beste venn! 
Alle kjenner til Google. Det er ein søkemotor eg er innom dagleg. Her finn eg svar på nesten alt.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Mappeoppgåve 5